Arbeidsbåt
Vi disponerer båten Lophelia, ein 38 fot Mørejet 1167, over 20 knops fart, sertifisert for 12 personar. Romsleg dekk med badeplattform, flybridge, salong, bysse, to lugarar, toalett med dusj. Båten har høg teknisk standard; kran med 400+ m wire, ekkolodd med fleire frekvensar, kartplottar, AIS, radar, VHF, bølgemålar og sjøvasslange. Vi har også prøvetakingsutstyr som CTD, van Veen-grabb, vasshentar og Secchi-skive.