Personvern og informasjonskapslar

Les om korleis vi i Runde Forsking samlar inn og brukar personopplysningar i nettløysingane våre.

Intro

Denne personvernerklæringa gir deg informasjon om korleis Runde Forsking innhentar, behandlar og utleverer personopplysningane dine, og for kva formål informasjonen vert brukt til. I tillegg kan du sjå kva rettar du har i denne samanhengen. Runde Forsking vil behandle personopplysningar i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande personvernlovgiving.

Viss du har spørsmål knytt til Runde Forsking si behandling av denne personvernerklæringa eller personopplysningar generelt, kan du kontakte oss frå kontaktskjema på nettsida vår.


Cookiar / Informasjonskapslar

For å få informasjon om bruk av nettsidene våre, og for å forbetre brukaropplevinga, nyttar vi informasjonskapslar (cookies) og behandlar IP-adressa di. Vi anonymiserer informasjonen som blir samla inn gjennom bruk av informasjonskapslar, slik at du ikkje kan identifiserast som enkeltperson basert på informasjonen.


Skjema

Ønsket vårt er å svare på førespurnader vi får, der vi behandlar namn, e-postadresse og eventuelle personopplysningar som måtte følgje av førespurnaden. Behandlinga har grunnlag i ei interesseavveging, der vår rettmessige interesse er å følgje opp førespurnaden din.

Varetaking av Runde Forsking sine rettar

Vi varetek Runde Forsking sine-, eller tredjepartars rettar, for å fastsetje, gjere gjeldande og forsvare rettskrav som vi meiner å ha, eller er retta mot oss frå kundar, leverandørar, samarbeidspartnarar, andre tredjepartar eller offentlege styresmakter.


Vern av personopplysningar

Vi i Runde Forsking tek personvernet ditt på alvor, og har sett i verk tilstrekkelege tryggingstiltak for å verne personopplysningane dine mot brot på personopplysningstryggleiken og uautorisert tilgang til- og utlevering av personopplysningar.


Lenker til andre nettstader og sosiale medium

Runde Forsking si nettside kan innehalde lenker til andre nettsider. Desse nettsidene har eigne personvernerklæringar som beskriv korleis personopplysningar blir samla inn og behandla. Dersom du oppgir personopplysningar til ein slik tredjepartsnettstad, vil behandlinga vera underlagt personvernerklæringa til denne nettstaden. Runde Forsking tek ikkje ansvar for slike tredjepartsnettstader eller korleis dei behandlar personopplysningane dine. Vi tilrår derfor at du gjer deg kjend med personvernerklæring og brukarvilkår for slike tredjepartsnettstader når du besøker og bruker desse nettstadene.

Når du «liker» eller blir medlem av Runde Forsking si Facebook-side eller Runde Forsking sine sider på andre sosiale medium, vil dette delast med den aktuelle plattforma. Det same gjeld for annan aktivitet på Runde Forsking sine sider på sosiale medium, som til dømes innhald du postar, og innlegg du liker. Den relevante plattforma vil vere ansvarleg for personopplysningane ho samlar inn og behandlar. Meir informasjon om denne behandlinga og rettane dine følger av personvernerklæringa frå den enkelte plattforma.


Rettane dine

Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane som Runde Forsking behandlar om deg dersom vilkåra for dette er oppfylt. Du har vidare rett til å krevje avgrensa behandling, rette innvending mot behandlinga og dataportabilitet (rett til å få utlevert eller overført personopplysningar i eit eigna format), der vilkåra for dette er oppfylt. Dersom behandlinga er basert på ditt samtykke, kan du kva tid som helst trekke samtykket tilbake.

Dersom du ønsker å utøve rettane dine kan du ta kontakt med oss på nettsida (Kontakt oss).

Du har rett til å klage over behandlinga vår av personopplysningane dine til Datatilsynet. Vi oppmodar deg til å ta opp eventuelle innvendingar mot Runde Forsking si behandling av personopplysningar med oss først.


Endringar i personvernerklæringa

Den til ei kvar tid gjeldande personvernerklæring vil vere tilgjengeleg på nettsida vår. Ved endringar i Runde Forsking si behandling av personopplysningar, vil denne personvernerklæringa oppdaterast på nettsida.

Dersom vi gjer endringar i behandlinga av personopplysningar som krev ditt samtykke, vil vi innhenta ditt samtykke før vi set i verk ei slik endra behandling.

Sist oppdatert: 08. nov, 2022