Forskingsdagane 2023

Forskingsdagane 2023

Energisk stemning på Runde Miljøsenter

3/10/2023

Nyheit

3 min

lesetid

FAKTABOKS

«Eg er glad at eg ikkje er den fisken!» sa ein gut ettertrykkjeleg da han såg på korleis marinbiolog Ørjan Vabø skar opp buken på ein (daud) fisk for å sjekke kva den hadde ete. Dagens måltid var til dels fordøydd men om ein myste veldig kunne ein sjå restar av nokre hoppekreps! Nokre meter unna var der levande hoppekreps, fanga i sjøen same morgon, som kunne studerast i lupe. Dette og mykje anna var å sjå på Forskingsdagane på Runde Miljøsenter.

I år har vi hatt to opne dagar, laurdag 23. september og søndag 1. oktober. Her kunne interesserte  ta turen for å få eit innblikk i forskingsverda.

Forskingsdagane er ein nasjonal vitskapsfestival og årets tema var energi. Nærare 100 personar tok turen til Runde for å oppleve energi frå ulike vinklar; i planter og dyr, og i form av elektrisitet som vi brukar for å drive ulike apparat.

Her kunne ein sjå prøverøyr med planter som var i ferd med å bruke solenergi for å lage mat og oksygen av vatn og karbondioksid (fotosyntese), og lære seg om næringsnettet i havet. Mange prøvde seg på å få ei lampe til å lyse ved å blåse på ei bitte lita vindmølle, og utforska Stirlingmotoren som gjekk på varmekraft.
Ein kunne også bruke noko så enkelt som eit tau, for å lage noko som har mykje til felles med havbølgjer. «Eg kan lage ei bølgje som går heilt til veggen, men da må eg bruke mykje kraft!» oppdaga ei lita jente.

Nokre modige sjeler gav seg også ut i sjøen for å teste ut coasteering, der dei iført våtdrakt, hjelm og flytevest fekk kjenne krafta i bølgjene på kroppen.

Takk for besøket!

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Jenny Ullgren
Fysisk oseanograf
DEL TIL SOSIALE MEDIER