Runde Miljøsenter og St Abbs Marine Station har signert ein såkalla MOU (intensjonsavtale) for framtidig samarbeid. Dette er starten på eit fruktbart samarbeid mellom forskingsstasjonane.
Runde Forsking og St Abbs Marine Station har mange felles forskingstema. Det er viktig for RMS å ha ein samarbeidspart i Skottland. Dette gjer mellom anna at vi får eit breiare datagrunnlag og at vi kan samanlikne mellom lokasjonar.
Samarbeidet vil hovudsakleg vere innan overvaking av kystøkologi/økosystem, klimaendring og berekraftig forvalting.
Her kan du besøke nettsida til St Abbs Marine Station