Sunnmøre Friluftsråd har fått i underkant av ein halv million frå Handelens Miljøfond til å bruke på frivillige strandryddeaksjonar i 2023. No kan din organisasjon søkje om å få delta i prosjektet og få 7500 kroner om de arrangerer ein ryddeaksjon.
Kvar gong du kjøper ein pose på butikken går to kroner til Handelens Miljøfond, som igjen blir brukt blant anna i kampen mot marin forsøpling.
Midlane i prosjektet skal bli fordelt over dei 14 eigarkommunane til Sunnmøre Friluftsråd, og Runde Miljøsenter har ansvaret for organiseringa i kommunane på Søre Sunnmøre. Dei som treng vil få hjelp til planlegging, gode råd, ryddeutstyr og avfallshandtering.
Dette er eit supert tilbod for dei som ønskjer å gjere ein innsats for naturen og lokalmiljøet og samtidig tene ein liten slant til organisasjonskassa.
Søknadsfristen er sett til 15. september, men det blir fortløpande vurdering so jo tidlegare du søkjer, jo større sjanse er det for at du får positivt svar!
Les meir om vilkåra og søk i dette skjemaet.
NB: Det er eit avgrensa budsjett i prosjektet, so det er ikkje garantert at akkurat din ryddeaksjon får motivasjonsmidlar.