Område og sjøbotn må kartleggast før utbygging

Område og sjøbotn må kartleggast før utbygging

9/6/2023

Nyheit

lesetid

Intervju av skipper August Fjellskår om bord i MS Nesejenta. Illustrasjon av vindmøller: Josh Bauer/NREL – Department of Energy.
FAKTABOKS

Når det no snart skal tildelast konsesjon for prosjektområde for havvind i Sørlige Nordsjø II, vil berekraft utgjere 20% av grunnlaget i prekvalifisering for tildelingane. Berekraft omfattar då sameksistens mellom havvind og fiskeri, og i tillegg minimering av konsekvenser for klima og miljø. Runde Miljøsenter gjer fleire typar arbeid som er viktig i denne samanhengen.

– Her på Runde Miljøsenter (RMS) er vi svært glade for at det blir lagt vekt på denne typen berekraft, seier havforskar Nils-Roar Hareide.

– Når det først er gjort vedtak om utbygging av havvind, så ønsker vi å bidra med vår kunnskap for å sikre at alle involverte næringar kan ta omsyn til miljøet.

Sidan februar 2022 har RMS tatt del i prosjektet Kunnskapsinnhenting for sameksistens mellom fiskeri- og havvindnæring som er leia av Havforskningsinstituttet. Miljøsenteret har ansvar for innhenting av informasjon frå fiskarane. Informasjonen som er samla inn i prosjektet dannar grunnlag for å vurdere om havvind og fiskeri kan samkøyrast. Resultata frå prosjektet vil blei presentert i eit webinar 19. juni 2023.

– I tillegg til at vi har samla inn informasjon frå fiskarane, har vi i eit anna prosjekt jobba med å kartlegge havbotn. Prosjektet Marine Grunnkart samarbeider vi med Havforskingsinstituttet, NGU og Kartverket. Ei slik kartlegging av havbotnen vil vere avgjerande for at havvind-utbyggingar gjer minst mogleg skade, seier Hareide.

Tilsvarande metodar som er nytta til å lage marine grunnkart langs kysten, blir nytta når havbotnen i dei nye vindkraftområda skal kartleggast. Små nyansar i samansetninga av sand, grus, slam og stein har stor betydning for det marine økosystem og dei ulike artane. Difor er det viktig at ein har full oversikt over dette slik at nødvendige hensyn kan takast.

– I mai arrangerte vi saman med Havforskingsinstituttet det såkalla RundeSymposiet på Runde. Tema i år var havvind, og representantar og nøkkelpersonar frå akademia, næringsliv, organisasjonar og styresmakter møttest til konstruktiv og løysingsorientert meiningsutveksling på Runde Miljøsenter. Deltakarane var samde om:

  1. Norge er på etterskot, både med tanke på kartlegging av havbotnen, tilgang nok energi for å dekke etterspørselen framover, samt etablere ein konkurransedyktig leverandørindustri tilpassa etterpurnaden.
  2. Handling. For å kome i gang, krevst det tiltakspakke frå myndigheitene, med ein langsiktig og industriell tankegang.
  3. Bruk av meir areal til havs krev betre naturkartlegging der forsking i utbygging og driftsfase er med på å sikre ein kunnskapsbasert sameksistens med fiskeri, industri med hensyn til sårbar natur.
  4. Samarbeid. Viktig med respekt og inkludering av aktuelle interessepartar frå dag ein i utredning og sameksistens.

– Vi ser fram til å kunne bidra med vår kunnskap i arbeidet med kartlegging som må gjerast i tida framover, avsluttar Nils-Roar Hareide.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Øyvind Rødset
Informasjonskonsulent
DEL TIL SOSIALE MEDIER