Søndagsforedrag 13. november: Plastkvalen – Kva skjer med havet vårt?

Søndagsforedrag 13. november: Plastkvalen – Kva skjer med havet vårt?

På søndagsprat den 13. november 2022 fortel Christoph Noever mellom anna om kvalen som blei funnen på Sotra, og korleis havet blir påverka av plast. Christoph er tilsett som marinbiolog i Runde Forsking.

7/11/2022

Nyheit

1 minutt

lesetid

FAKTABOKS

Møt vår nye forskar på Runde Miljøsenter, marinbiolog Christoph Noever.

I januar 2017 stranda ein 6 meter lang bleikhovudnebbkval på Sotra. Den var utsvolten fordi mage og tarm var tilstoppa av over 30 plastposar og plastflak. Christoph var den som opna han opp og fekk sjå kvifor kvalen hadde vore så sjuk.

Kvalen blei verdskjend som “plastkvalen” og eit symbol på marin forsøpling.

Søndag 13. november vil Christoph fortelle om jobben som blei gjort kring dette, og han vil lære oss meir om korleis dyr i havet blir påverka av plastforureining.

Kom på søndagsprat med Christoph og lær mykje nytt om plastforureining, kvalen og dei andre dyra! Vi serverer middag, kake og kaffi, og legg til rette for ei hyggeleg stund i haustvêret. Velkomen!

Tid: Søndag 13. november 2022, kl. 15:00
Stad: Runde Miljøsenter
Arrangement på Facebook: https://www.facebook.com/events/562980525590174/

Senteret held ope frå 12:00 - 17:00.

På menyen:
  • Hjortegryte
  • Fiskesuppe
  • Husets fish'n chips
  • Eplekake, pavlova, karamellpudding og nydeleg is frå Storfjord Iskrem.

Vil du lese meir om den sjuke kvalen som dreiv på land ved Sotra i 2017? Her kan du finne Aftenposten sin artikkel om det.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Cecil Elisabet Nerbø
Dagleg leiar - Opplev Runde
DEL TIL SOSIALE MEDIER