Rundesymposiet 2024 - Berekraftig turisme i eit kyst- og fjordøkologisk prespektiv

Rundesymposiet 2024 - Berekraftig turisme i eit kyst- og fjordøkologisk prespektiv

6/3/2024

Nyheit

5 min

lesetid

FAKTABOKS

«Berekraftigturisme i eit kyst- og fjordøkologisk perspektiv.»
Føremålet med Rundesymposiet 2024 er å setje søkjelys på korleis framtida sitt reiseliv (regenerativt reiseliv) kan kombinerast med forsking innan marinbiologi, oseanografi, ornitologi og marin teknologi i ei berekraftig symbiose med dagen sine trendar knytt til lokal verdiskaping, miljø og klima. Reiselivet er inne ein betydeleg transformasjon, og mykje tydar på at denne næringa vil ta opp i seg element som er nye og ulike frå slik vi kjenner turistnæringa i dag.

Vi samlar forskingsmiljø, næringsliv, organisasjonar og forvalting på Runde Miljøsenter den 25. og 26. april 2024 for å setje søkelys på moglegheitsrommet og stake ut retningar: Korleis kan vi i praksis utnytte moglegheitene som ligg i det komplette marin-økologiske fjord- og kystsystemet til å etablere eit pionerområde for forsking og innovasjon? Eksempel på tema vi ønskjer belyst er:

• Korleis skal regionen ta del i dei nasjonale satsingane for eit globalt og berekraftig reiseliv?

• Masseturisme får større avgrensning, pga. miljøkrav og lokal motstand. Korleis bruke fjord- og kystøkologi som basis for heilårsturisme på Vestlandet?

• Kva kan den tverrfaglege kunnskapsbaserte forskinga bidra til i transformasjonen av det naturbaserte reiselivet?

• Kva kan maritim teknologi bidra med i forhald til berekraftig transport med skip som ferdast i særs utsette og sårbare områder, som for eksempel verdsarvfjordane Geiranger og Tafjord?

• Korleis kan digitalisering, sensorikk, automatisert observasjonsutstyr og folkeforsking, sørgje for meir effektiv og billigare kunnskapsinnhenting til hjelp i forvaltinga av desse områda?

• Kva kan Møre Ocean Lab tilføre regionen som plattform for tverrfagleg forsking?

 

Målgruppa for denne konferansen vil vere offentlege og private aktørar som brenn for berekraftig utvikling innan forsking knytt til marine og maritime næringar, i ein unik og sårbar kyst- og fjordregion med ein betydeleg reiselivsaktivitet.

Førebels program for arrangementet finn du under. Påmeldinga skjer på denne lenkja, og fristen er satt til 21. april klokka 16.

Mvh
Arrangementskomiteen/Runde Miljøsenter AS

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ottar Håkonsholm
Dagleg leiar i Runde Forsking og Runde Miljøsenter
DEL TIL SOSIALE MEDIER