Søk midlar til rydding av søppel i fjøra

Søk midlar til rydding av søppel i fjøra

15/5/2024

Nyheit

ca. 2 min

lesetid

FAKTABOKS

No kan lag og organisasjonar søkje om å få 7500,- i motivasjonsmidlar for å arrangere ein ryddeaksjon i nærmiljøet sitt!

I år som i fjor har Sunnmøre Friluftsråd (SF) fått tilskot frå Handelens Miljøfond som dei skal bruke på å motivere lag og organisasjonar i sine medlemskommunar til å rydde søppel i naturen. Handelens Miljøfond er handelsnæringa si satsing for å løyse miljøproblema med plastforureining, noko dei blant anna gjer ved å tildele midlar til strandrydding og rydderelaterte aktivitetar. HMF får midlane sine gjennom plastposekontigenten ein betalar i butikken ved kjøp av handlepose.

I samarbeid med Runde Miljøsenter og Søre Sunnmøre Reinhaldsverk vil SF assistere organisasjonane med å finne ein eigna stad å rydde, gi gode tips til strandrydding og bidra med ryddeutstyr og henting av søppelet.

For å søke om pengar, må ein oppfylle desse kriteria:

  • Vere registrert som organisasjon/lag med organisasjonsnummer
  • Høyre heime i ei av dei 15 medlemskommunane til Sunnmøre Friluftsråd
  • Arrangere ein strandryddeaksjon på minimum 2 timar
  • Registrere aksjonen i ryddenorge.no i etterkant
  • Levere ein kort rapport med blant anna mengde avfall, tidsbruk, antal deltakarar og kvar det blei rydda

Søk om midlar her!

Søknadar vil bli behandla fortløpande og først til mølla-prinsippet gjeld!

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ovidie Mari Lynge
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER