Nyheita om at Runde Miljøsenter er tilbake på statsbudsjettet med 3 mill er svært gledeleg.
"Løyvinga gjer oss i stand til å halde fram arbeidet med kunnskapsoppbygging og formidling om samanhengen mellom fugl, fisk, hav og menneskeleg påverknad på marin kystøkologi.", seier dagleg leiar Ottar Håkonsholm.
I ei tid der ein ser dei store miljømessig påverknadane både i havet og ved fuglefjellet, vil kunnskapsbaserte avgjersle vere heilt essensielt for å oppretthalde framtidig verdiskaping i regionen.
Styret og tilsette er letta og glade for at politikarane på stortinget har sett viktigheita av arbeidet vi gjer.
Vi har opplevd ein stor, brei og samla innsats frå heile den politiske skalaen av politikarar både frå Møre og Romsdal og andre delar av landet som ser verdien i å bygge opp under forsking og formidling av kystøkologi samt jobbe for kompetanse-arbeidsplassar i distriktet.
SV la innløyvinga i sitt alternative budsjett og forslaget overlevde fram til det endelege budsjettforliket.
- Dette er godt jobba, seier Håkonsholm og legg til "Runde Miljøsenter er stor takk skyldig Birgit Oline Kjerstad, Lars Haltbrekken og Kari Elisabeth Kaski som bidrog sterkt til at SV sitt forslag kom på plass. Dei lokale stortingspolitikerne Per Vidar Kjølmoen (AP) og Jenny Klinge (SP) har også bidratt, men utan at dette var ein del av SV sitt alternative budsjett hadde det ikke blitt vedtatt.
Stor takk frå Runde Miljøsenter til alle som har engasjert seg!