Vi fann 800 kg søppel på 2 timar når vi rydda i fjøra på Voldsund 27. februar. Ryddinga blei arrangert av Runde Miljøsenter i samarbeid med NTNU Ålesund , Sunnmøre Friluftsråd og Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal, og 15 personar deltok.
Målet med aksjonen var å hjelpe NTNU med uttesting av verktya dei held på å utvikle i PlastOPol-prosjektet sitt (Prediction Model for Ocean Plastic Policy). Dette prosjektet har halde på ei stund og Runde Miljøsenter har vore involvert sidan starten, blant anna ved å sitje i referansegruppa. Dei verktya som blei testa denne dagen var LitterDetection-appen deira, og ei drone som dei håpar kan vere nyttig å bruke til befaring. LitterDetection-appen nyttar maskinlæring til å gjere det enklare å kartlegge kva kjelda til søppelet er.
På ryddeaksjonen fekk vi ei påminning på kvifor dette arbeidet er so viktig, då vi fann eit dødt piggsvin som hadde sett seg fast i ei pringles-boks som det såg ut som nokon hadde kasta ut av ein bil i fart.
Vi sorterte om lag halvparten av det vi fann slik at vi hadde eit godt grunnlag for å fastslå samansettinga av den totale "fangsten". Det vi fann flest gjenstandar av var uidentifiserte små plastbitar, og taubitar under 50 cm. Kakediagrammet lenger oppe på denne sida viser fordeling av det som blei funne 27. februar. Om du er interessert kan du også sjå på ei detaljert oversikt (PDF).