Meir enn halvparten av alt oksygenet vi menneske pustar inn er produsert i havet, store deler av dette skyldas tareskogen.Ho er eit unikt og artsrikt habitat, og bør løftast fram på lik linje med regnskogen på land. Sjølv om tareskogen er sterkt trua globalt (60 % har forsvunne berre dei siste 10 åra), er vi så heldige her på Sunnmøre at vi har noko av den friskaste og sunnaste tareskogen rett utanfor kysten. Om ikkje vi sjølve er bevisste på dette, så er det i alle fall internasjonale forskarar – som kjem hit for å forstå rolla til den "Blå Skogen" i samanheng med klima og miljø globalt.
Dei siste 10 dagane har vi på Miljøsenteret hatt besøk av ei forskargruppe frå @Havforskingsinstituttet og The University of Western Australia. Dei har brukt forskingsstasjonen vår som base for å undersøkje stortareskog med hjelp av dykkarar, og dei grunnare tareartane som held til rett opp i fjøresona.
Produksjon, artsmangfald, truslar – og ikkje minst samanhengen mellom temperaturauke i havet og konsekvensane for tareskogen som økosystem – sto på programmet.
Dette er allereie tredje gongen HI-teamet med forskarar frå Canada, Frankrike, Australia og Noreg er på besøk hos oss, og neste runde er allereie planlagd – både for å følgje utviklinga i tareskogen over tid, men og "fordi her har ein dei beste føresetnadene og fasilitetane for slik forsking, og vi trivst kjempegodt her", som Thomas Wernberg, ein av gruppa sine forskingsleiarar, uttrykte det.
Takk for besøket – vi gler oss til neste gong!