Kompetanse om ulike typar havenergi. Medlem av ICES arbeidsgruppe for marin fornybar energi (Working Group on Marine Renewable Energy). Testfasilitet for bølgjekraft. Kan utføre bølgjemåling, og vurdering av miljøpåverknad frå ulike anlegg. Illustrasjon av Josh Bauer/NREL – Department of Energy.
Miljøovervaking treng nøye planlegging for å sikre gode resultat og ressursbruk. Vi kan hjelpe til med å utvikle kostnadseffektive prøvetakingsprogram.
Runde Forsking driftar forskingsstasjonen på Runde og kan yte teknisk bistand i samband med feltarbeid og testing. Vi har kompetanse på gliders, ROV, og GIS og kan tilby tilgang til båt, ekkolodd, laboratorium, lager, kjølerom og diverse utstyr. Her finst også overnatting og forpleining.
Vi utfører straummåling, vassprøvetaking og ulike fysiske og kjemiske målingar i frie vassmassar; plankton, næringssalt, salinitet, temperatur, oksygen, turbiditet (partikkelinnhald/grums), siktedjup.