Økosystemtanken inn i marin næring

Økosystemtanken inn i marin næring

2/11/2023

Prosjekt

3 min

lesetid

  • Prosjekt: Økosystemtanken inn i marin næring
  • Kategori: Miljøtiltak
  • Status: Pågår
  • Ansvarleg: Runde Miljøsenter
  • Leiar: Jenny Ullgren
  • Samarbeid: Runde Forsking og Brand Valley
  • Finansiering: Design og arkitektur Norge (DOGA)
FAKTABOKS

Kan ein få til eit sirkulært skifte i marin næring kor ein haustar av havet for økonomisk vinning, men også forvaltar ressursane for framtida? Vi ynskjer å forstå haldningar og behov i marin næring kring korleis dei påverkar økosystemet i havet.

Fugleøya Runde og havet rundt har ein unik biologi. Fuglefjellet har sidan 2013 vore utpeika som Ramsar-område og sidan 2021 har havområdet rundt vore utpeika som særleg sårbare område (SVO) av Miljødirektoratet. Dei unike forhalda har skapt grobotn for marin verksemd; både dei som driv næringa og utstyrleverandørar. Ynskje om å ivareta økosystemet og hauste frå havet kan kome i konflikt. Krav om berekraft blir iblant møtt med skepsis, samtidig som næringa er opptatt av god ressursforvalting og å vere ein bidragsytarar i lokalsamfunnet. Marin næring møter spørsmål om korleis dei påverkar miljøet og forventing om å gje tilbake til samfunnet når dei haustar av felles ressursar.

I dette nye prosjektet "Økosystemtanken inn i marin næring" skal Runde Miljøsenter, Runde Forsking og Brand Valley samarbeide om å utvikle ei teneste som den marine næringa kan nytte seg av for å få kunnskap om marinbiologi og økologi i utvikling av utstyr og dagleg drift. Vi trur at dei unike fasilitetane ved RMS som forskingsstasjon og besøkssenter gjev mogleik til å utvikle tenester og aktivitetar saman med næringa og dermed inspirere til endring i staden for at den skal pressast fram av regelverk.

Det å forstå haldningar, behov og ynskjer frå marin næring er essensielt i prosjektet, vi skal difor bruke designdrevet innovasjon for å få ei meir treffsikker løysing. Brukarar frå marin næring vil bli involvert gjennom kartlegging, kvalitative intervju, skrivebordsanalyse og ein samskapingsverkstad.

Prosjektet får 400 000 kroner i DIP-midler fra DOGA.

Runde Miljøsenter er ein av 20 bedrifter som har fått innovasjonssøtte frå DOGA sitt designdrevet innovasjonsprogram. Vi er ein av tre som er lokalisert i Møre og Romsdal, dei to andre bedriftane er Jets Vacuum og LK Hjelle. Sjå nettsida til DOGA om du er interessert i å lese om alle dei 20 prosjekta.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Jenny Ullgren
Fysisk oseanograf
DEL TIL SOSIALE MEDIER