Runde forsking er med i eit prosjekt om bølgjekraft som er under leiing av SINTEF Ålesund. Prosjektet med namnet ‘FLOAT’ har også med partnarane Havkraft, Tussa, Doxacom og Spinning Energy. Det er finansiert av Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal.
Det praktiske dreier seg om Havkraft sitt anerkjente bølgjekraftanlegg og korleis dette kan kombinerast med energilagring ved Spinning Energy sitt konsept. I prosjektet vil det bli gjort analysar av slik integrasjon og korleis eit flytande anlegg i neste omgong kan fungere på ein nærare granska og eksponert lokalitet ved Runde.