Årleg oppstår det fleire konflikt-saker mellom lokalbefolkning og fiskarar, særleg når det gjeld lysfiske. For å få ei eventuell regulering avfiske trengs det eit godt datagrunnlag.
RMS har avtalt med fem kommunar på Søre Sunnmøre å arbeide med å kartlegge notfiske etter sild i fjordane i regionen. Havforskningsinstituttet skal opparbeide biologiske prøver for å kartlegge om det er den lokale bestanden av sild det blir fiska på. Resultatet av denne arbeid skal vere eit kunnskapsgrunnlag for vidare rådgiving og forvalting.
Prosjektet skal skaffe oversikt over problemstillingane, organisere innsamling av prøver og få dei analysert, kommunisere med interessentar og samle fiskeridata.
Prosjektet er finansiert av sjustjerne-kommunane Ulstein, Ørsta, Volda, Vanylven og Sande.