-
I Noreg er det veldig stor aktivitet av fritidsfiske. På grunn av manglande registrering av denne aktiviteten er det vanskeleg å få gode estimat for fangst av ulike artar frå fritidsfiske. Borgundfjorden i Ålesund er eit viktig gyteområde for kysttorsken. Sidan 2009 er Borgundfjorden blitt eit marint verneområdet og er stengt for kommersiell fiskeri og garnfiske i gytesesongen til torsken. Fritidsfiske er derimot tillat også i denne perioden.
I dette pilotprosjektet har Runde Forsking deltatt i kartlegging av antal fiskefartøy i høgsesongen for fritidsfisking på ulike gytefelt i fjorden. Omfanget av fritidsfiske blir overvakt gjennom å telje frå båt og via tre fastmonterte kamera i området. Fartøy i ulike område i fjorden blir talt tre gonger per dag.