Kunnskapsinnhenting for sameksistens mellom fiskeri- og havvindnæring

Kunnskapsinnhenting for sameksistens mellom fiskeri- og havvindnæring

18/10/2022

Prosjekt

lesetid

Illustrasjon: Josh Bauer/NREL – Department of Energy.
FAKTABOKS

Havforskningsinstituttet har saman med Runde Miljøsenter, Universitet i Bergen og SINTEF fått i oppdrag frå FHF om å gjennomføre eit FOU prosjekt for å kartlegge konsekvensen for fiskeri og havbruk på tre ulike vindkraftprosjekt i Nordsjøen; «Hywind Tampen», «Utsira Nord» og «Nordsjøen Sør». Prosjektet starta opp i februar 2022 og skal ferdigstillast i første kvartal i 2023. RMS er leiar for arbeidspakke for innhenting av informasjon og data frå fiskerinæringa.

For å gå inn i ei framtid med ein høgare energibruk og utfasing av fossile kjelder, må det bli produsert meir fornybar energi. Vindturbinar har i seinare tid fått større og større utbreiing, og i det siste har det blitt meir snakk om å flytte denne produksjonen ut på havet. Havvind vil truleg beslagleggje store havområde i framtida og vil ha ein påverknad på økosystemet og dei andre næringane i same området. Hovudmålet til dette prosjektet er å kartleggje eksisterande kunnskap og erfaring om havvind sin påverknad på fiskerinæringa.

Havforskingsinstituttet er leiar av prosjektet og SINTEF Ocean, BergenOcean Wind Center (Universitetet i Bergen) er samarbeidspartnarar i lag med Runde Miljøsenter. Nils-Roar Hareide leiar arbeidspakken som går ut på innhenting av kunnskap frå fiskerinæringa, som hovudsakleg skal gjennomførast ved å intervjue fiskarar.

Prosjektet er ein del av forskingsprogrammet WindSys: Effects of floating wind farms on the marine ecosystem, som er organisert av Havforskingsinstituttet.

Intervju av skipper August Fjellskår om bord i MS Nesejenta.
Plotter-data frå fiskebåt som fiskar med bunngarn og snurrevad i Nordsjøen. Data er presentert på Olex kartmaskin, med Mareano sediment kart som bakgrunn.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Nils-Roar Hareide
Gründer, havforskar og aksjonær
DEL TIL SOSIALE MEDIER