Resipientundersøking Ålesund og Sula kommune

Resipientundersøking Ålesund og Sula kommune

– – –

23/9/2022

Prosjekt

lesetid

  • Prosjekt: Resipientgransking for Ålesund og Sula kommuner
  • Kategori: Miljøundersøking og rådgjeving
  • Status: Pågår
  • Oppdragsgjevar: Ålesund og Sula kommuner
  • Start: Desember 2021
  • Slutt:  November 2022
  • Prosjektansvarleg: Akvaplan-niva
  • Prosjektleiar: Ida Dahl-Hansen (Akvaplan-niva)
  • Prosjektdeltakarar: Jenny Ullgren, Karsten Kvalsund, Ørjan Sørstrønen Vabø, Ovidie Mari Lynge
  • Finansiering: Ålesund og Sula kommuner
FAKTABOKS

Det europeiske vassdirektivet stiller krav til forvaltinga av vassmiljø i Norge og Europa. Desse krava seier at vatnet skal forvaltast som ein heilskap, og elvar, innsjøar, grunnvatn og kystvatn skal sjåast i samanheng. I tillegg skal og vasskjemi, økologi, og fysiske forhold i vatnet sjåast i samanheng med kvarandre. Til vassdirektivet har Direktoratgruppa (2018) laga ein rettleiar for norske farvatn, der biologiske, kjemiske og fysiske kvalitetselement blir klassifiserte til forskjellige tilstandsgrader basert på verdiane ein måler, frå «svært god» til «svært dårleg». Klassifiseringsgrensene for dette systemet varierer mellom forskjellige regionar langs kysten, og mellom vasstypar. Det er eit mål at ingen vassforekomster skal ha lågare enn "god" tilstandsgrad.

Runde Forsking er underleverandør for Akvaplan-NIVA i resipientundersøkinga for Ålesund og Sula kommunar. Her gjer vi undersøkingar av hydrografi, næringssaltkonsentrasjon og klorofyll. I tillegg assisterer vi Akvaplan-NIVA i felt med fjøresoneundersøkingar og undersøkingar av blautbotnsfauna og sedimentkjemi.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Karsten Kvalsund
Fysikar
DEL TIL SOSIALE MEDIER