Kort presentasjon av prosjektet Rydd Norge: Møre og Romsdal – Region 4 Sunnmøre Sør
Runde Miljøsenter er ansvarleg for rydding av ein region i Rydd i Tide-prosjektet. Dette prosjektet vil vare fram til 2026, med ein opsjon på ytterlegare 3 år. Runde Miljøsenter har inngått avtale med Fallgard Kystrenovasjon AS, ei vidareføring av den frivillige organisasjonen Fallgard, der dei står for det meste av ryddearbeidet.
I 2020 grunnla Handelens Miljøfond Rydd Norge, som Noreg sitt første nasjonale ryddeprogram. Rydd Norge hadde som mål at 40% av ytre norskekysten skulle bli rydda minst ein gong innan utgangen av 2023. No har programmet blitt vidareført, endra namn til Rydd i Tide, og SALT Lofoten har tatt over leiinga av programmet, med Handelens Miljøfond som finansierar. Det oppdaterte målet er å rydde 55 % av Noregs ytre kyst innan 2025 samt å vedlikehalde allereie rydda områder.
Prosjektet er delt inn i ti regionale prosjekt basert på fylke. Rydd i Tide Møre og Romsdal er igjen delt inn i 4 regionar, der Sunnmøre sør er den sørlegaste og inneber rydding i Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven kommuner, sjå kart 1 for oversikt over prioriterte områder for rydding i 2024-2026. I tillegg til førstegangsrydding driv vi også med vedlikehaldsrydding og overvakingsrydding, sjå kart 2 og 3 for oversikt over overvakingsområde. Overvakingsområda skal ryddast tre gongar i året, og avfallet vegast. I Storevågen-området skal søpla i tillegg bli tatt vare på og sortert/registrert.
Sidan Handelens Miljøfond starta ryddeprogram i 2020 har dei brukt meir enn 400 millionar på rydding gjennom Rydd i Tide-programmet.
Hittil er:
*tal pr april 2024
Bileta i galleriet nedanfor er frå opprydding på Runde, Remøy og i Sande. Alle foto: Fallgard Kystrenovasjon