Kort presentasjon av prosjektet Rydd Norge: Møre og Romsdal – Region 4 Sunnmøre Sør
Runde Miljøsenter er ansvarleg for rydding av ein region i Rydd Norge-prosjektet.
Rydd Norge, etablert og finansiert av Handelens Miljøfond, er Noreg sitt første nasjonale ryddeprosjekt. Målet med prosjektet er at 40% av ytre norskekysten skal bli rydda minst ein gong innan utgangen av 2023.
Prosjektet er delt inn i ti regionale prosjekt basert på fylker. Rydd Norge: Møre og Romsdal er igjen delt inn i 4 regionar der Sunnmøre sør er den sørlegaste og inneber rydding i Herøy, Sande og Ulstein kommune.
Runde Miljøsenter har inngått avtale med Fallgard Kystrenovasjon AS, ei vidareføring av den frivillige organisasjonen Fallgard, der dei kjem til å stå for det meste av ryddearbeidet.
Bilda i galleriet nedanfor er frå opprydding på Runde, Remøy og i Sande. Alle foto: Fallgard Kystrenovasjon