Stillingsannonse: Dagleg leiar/ forskingsfagleg leiar

Stillingsannonse: Dagleg leiar/ forskingsfagleg leiar

21/11/2024

Nyheit

lesetid

Stillingstittel: Dagleg leiar og forskingsfagleg leiar

Oppstart: Etter avtale

Type tilsetting: Fast, heiltid

Arbeidstid: Dagtid, vekedagar

Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk

Tal på stillingar: 1

Søknadsfrist: 15.12.2024

FAKTABOKS

Runde Forsking AS har ei ledig stilling som dagleg leiar. Vi søkjer ein erfaren forskar innan eit fagområde som er relevant for verksemda. Har du ambisjonar om å utvikle eit spanande forskingsmiljø midt i eit unikt marint økosystem, omgitt av eit stort og variert marint næringsliv? Då er dette stillinga for deg!
Det er viktig at du har solid vitskapleg erfaring, også som prosjektleiar. Du er samfunnsorientert og brenn for å finne nye løysingar på samfunnsutfordringar knytt til hav og kystøkologi. Du må òg ha kunnskap og erfaring i leiing av personell i eit kompetansemiljø.

Runde Forsking er ein frittståande forskings- og feltstasjon på øya Runde. Vi er ein del av Runde Miljøsenter som også omfattar eit besøks- og formidlingssenter, som blir drifta av Opplev Runde. Saman utgjer vi eit kreativt forskings- og formidlingsmiljø. Øya Runde er ein unik lokasjon med tanke på naturmangfald, mellom fjordane og ope hav, med Norges sørlegaste fuglefjell og diverse marine habitat i nærområdet. Der er kort veg til Fosnavåg, og grei avstand til Volda, Ørsta og Ålesund.

Runde Forsking utfører marin forsking, kartlegging og miljøovervaking som bidreg til å bygge opp kunnskapsgrunnlaget for berekraftig forvalting, og gjennomføre tiltak mot marin forsøpling. Vi har eit stort og nært samarbeid med dei største nasjonale forskingsinstitusjonane innan feltet, god kontakt med regionalt og nasjonalt næringsliv og internasjonale forskingsinstitusjonar.

Om stillinga

Vi søker ein ambisiøs, engasjerande, sosial og fagleg sterk person med solid kompetanse og relevant arbeidserfaring innanfor maritime fagområde.
Som leiar for Runde Forsking AS vil du:

  • Arbeide med klima- og miljøspørsmål knytt til berekraftig forvalting av marint areal og marine ressursar.
  • Bidra i samarbeidsprosjekt med ulike institusjonar og vere med på å arbeide fram nye forskingsprosjekt og oppdrag.
  • Pleie og utvide eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar innanfor marin forsking, utdanning og næringsliv i Noreg og internasjonalt.
  • Utarbeide faglege rapportar, notat og høyringsinnspel.
  • Initiere fagseminar og andre arrangement.
  • Representere selskapet eksternt på møter, konferansar og i arbeidsgrupper.
  • Bli ein ressursperson og drivkraft i lokalmiljøet.

Ønskte kvalifikasjonar

  • PhD, eller tilsvarande innan relevant fagfelt.
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.  
  • Erfaring frå prosjekt og personal-leiing.
  • Samarbeid og søknadsprosessar.  
  • God kjennskap til verkemiddelapparatet i Noreg og Europa.

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og motiverande formidlar av fag og strategiar.
  • Innovativ og kreativ.
  • Fagleg sterk.
  • Sosial og utettervend.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, analytisk  og målretta.
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Gode formuleringsevner og tydeleg og open i kommunikasjonen.

Vi tilbyr

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver.
  • Arbeidsstad på vakre Runde saman med dyktige og engasjerte kollegaar.
  • Fleksibel arbeidstid: fleksitid med kjernetid mellom kl. 9 og 15, av og til behov for lengre dagar i samband med feltarbeid m.m. Heimekontor kan nyttast i kortare periodar.
  • Mogelegheita for å vere med å utvikle verksemda i tråd med selskapet sin strategi.
  • Løn etter avtale


Søknadsfrist: 15 desember 2024. Søknaden sendes til Nils-Roar Hareide (nilsroar@runde.no)

Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte styreleiar Rune Garen (garenrune@gmail.com, 91752276) eller nestleiar Sissel Rogne på e-post: (sissel.rogne@hi.no eller 90732123).

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Nils-Roar Hareide
Gründer, havforskar og aksjonær
DEL TIL SOSIALE MEDIER