Sub-sea energilagring

Sub-sea energilagring

23/9/2022

Prosjekt

lesetid

  • Prosjekt: Sub-sea energilagring
  • Kategori: Marin teknologiutvikling
  • Status: Pågår
  • Oppdragsgjevar: Møre og Romsdal fylke, Tussa, Tafjord, Frunhofer IEE
  • Start: 2020
  • Slutt: 2023
  • Ansvarleg: Runde Forsking
  • Leiar: Lars Golmen
  • Deltakar: Jochen Bard
  • Finansiering: Fylke, energiselskap
FAKTABOKS

Fornybar energi er ofte meir fluktuerande enn fossile energitypar, og energilagring vil difor vere ein vital komponent i eit lågutsleppssamfunn. Gode metodar for å lagre energi gjer at overskotsenergi som blir produsert i tidspunkt med låg etterspurnad kan bli tatt vare på og brukt seinare når den trengs.

Fraunhofer IEE i Tyskland sitt «StEnSea»-energilagringsanlegg blei vellukka testa i ein innsjø på 100 meter djup i 2017. Dette er eit trykkbasert anlegg som skal bli plassert på sjøbotnen, helst djupare enn 500 meter. I lys av dette blei dette prosjektet etablert som eit forstudium av lagringsteknologi i ein fjord i Møre og Romsdal. I prosjektet skal det bli gjennomført ein studie av lagringsteknologi og av behov og potensiale for energilagring i Møre og Romsdal, og eit demonstrasjonsprosjekt av StEnSea-anlegget i skala 1:3 skal bli planlagt.

Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Tussa Kraft AS og Tafjord Kraft AS.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Lars Golmen
Oseanograf og seniorforskar
DEL TIL SOSIALE MEDIER