VARD-båtane

VARD-båtane

Utsetting av 308 leikebåtar av tre frå Runde. Eit samarbeid mellom skipsbyggingskonsernet Vard og Runde Miljøsenter.

10/11/2022

Prosjekt

lesetid

Foto: Suel Kassembo – Runde Miljøsenter.
  • Prosjekt: VARD-båtane
  • Kategori: Marin forsking
  • Status: Fullført
  • Oppdragsgjevar: VARD/Runde Miljøsenter
  • Start: 2014
  • Slutt: 2018
  • Ansvarleg: Runde Miljøsenter
  • Leiar: Nils-Roar Hareide
  • Deltakarar: Karsten Kvalsund, Bjørn Hjelle, Suel Kassembo
  • Finansiering: VARD, Runde Miljøsenter
  • Rapport: Ingen rapport tilgjengeleg
FAKTABOKS

Golfstraumen og Kyststraumen er tilsaman ei voldsom elv som renn nordover langs kysten av Norge. Havstraumane fører med seg fiskeegg og fiskelarvar frå gyteområda ved Runde og heilt opp til Barentshavet. Golfstraumen er den viktigaste føresetnaden for at det bur folk langs kysten av Norge. Den skaffar både næring og varme.

For å synleggjere dette set Runde Miljøsenter i samarbeid med skipsbyggingskonsernet Vard og borna på Sunnmøre ut 240 små trebåtar som skal følgje Golfstraumen og kyststraumen mot nord. På denne tida av året blir sildelarvane utklekte og det passar godt å setje ut båtane samtidig som alle desse milliardane av fiskeyngel startar på den same reisa.

Utsetjing  14. april 2015

9 nye båtar sjøsett.

Utsetjing  1. påskedag 2015

49 nysnikra båtar sjøsett.

Utsetjing 2. mai 2014

126 nye båtar sjøsett.

Utsetjing 20. april 2014 (1. påskedag)

124 nye båtar sjøsett.

Båtane vart spikra saman på Runde i påska. Dei vart merka med namn og nummer og på 1. påskdag vart det sett ut 124 båtar frå moloen på Runde. Namna på alle som har laga båtar blir lagt ut på Runde Miljøsenter si heime side på nettet. Dei som har laga båtane får beskjed når nokon finn båtane deira. Utsetjingsstad og funnstad vil gi svært god informasjon om korleis havstraumane bevegar seg nordover langs kysten. Båtane vil truleg bli funne både i nærområdet ved Runde og heilt opp til Finnmark og kanskje heilt til Russland. Det kan og tenkast at nokre av båtane kan reise endå lenger.

Foto: Suel Kassembo - 18 bilder

Om prosjektet i media

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Nils-Roar Hareide
Gründer, havforskar og aksjonær
DEL TIL SOSIALE MEDIER