Vi utfører ulike typar kartlegging, prøvetakingar og målingar m.m. for det offentlege, private bedrifter og andre.
Berekraftig forvalting og næringsverksemd må vere grunnfesta i oppdatert kunnskap om lokale forhold. Vi utfører marinbiologisk-, kjemisk- og fysisk kartlegging, prøvetaking, måling og modellering på oppdrag av kommunar, bedrifter og andre.
Vi undersøker korleis tilstanden er i vatnet, på havbotnen og på stranda i dag, og kan hjelpe til med å vurdere korleis det truleg vil utvikle seg framover, og gi råd om korleis ein bør tilpasse aktiviteten sin for å ta vare på naturen.