Korleis kan vi hjelpe havet?

Korleis kan vi hjelpe havet?

1/3/2023

Nyheit

lesetid

Nokre tankevekkande fakta som set havet si viktige rolle i perspektiv, og viser kvifor det er til vårt eige beste å ta vare på havet:

  • Halvparten av alt oksygen som blir produsert, blir produsert av planteplankton i havet. Så halvparten av lufta vi treng for å leve, annankvart andedrag vi pustar inn, er produsert i havet.
  • Heile 90% av varmen i den globale oppvarminga blir tatt opp av havet. Difor merkar vi mykje mindre av den globale oppvarminga på land enn vi hadde gjort utan havet.
  • Havet dekker 71% av jordoverflata, men rommar med havdjupa heile 90% av biosfæren, altså det området på jorda der liv kan eksistere.
FAKTABOKS

Menneskeskapte utfordringar

Det er mange menneskeskapte utfordringar for livet i havet. Det er ingen enkel fasit på kva vi kan gjere for å rette opp i dette, men ein god start er å få oversikt over kva utfordringane inneber, og kva som er dei konkrete årsakene.

Kva gjer vi med dette i Runde Forsking?

Jenny Ullgren jobbar som oseanograf i Runde Forsking, og har laga ein presentasjon som viser dei store linjene i situasjonen for havet. Det er veldig nyttig å sjå dette samla, og få informasjon om korleis ulike prosjekt Runde Forsking jobbar med kan bidra til eit friskare hav.

Ta gjerne kontakt med Jenny Ullgren om du ønsker å sjå presentasjonen, eller ta kontakt om du har eit spesielt tema innanfor hav og miljø som du ønsker å lære meir om – alle tilsette på Runde Forsking er spesialistar på ulike fag og formidlar gjerne informasjon om sine tema.

Klimaendring, havforsuring og artsforflytting

Temperatur, issmelting og endring av kjemisk samansetting i havet gjer at artar flyttar på seg, eller mister forholda dei treng for å overleve. Det er viktig å få meir kunnskap om dette, og Runde Forsking deltek i det nasjonale overvakingsprogrammet Økosystemovervaking i kystvatn (Økokyst), der vi tek månadlege prøver på to stasjonar her i fylket. I prosjektet Blågrønt samarbeid ser vi mellom anna på førekomstar av ålegras. Ålegras er mellom anna viktig som «barnehage» for ulike slag fisk, men kjem ofte i konflikt med menneskeleg aktivitet på grunn av at ålegras trivst i grunne, beskytta område. Vi er også involvert i ulike prosjekt innan fornybar energi, og Runde Miljøsenter blir mellom anna brukt som base for forskarar som testar ut ny teknologi innan fornybar energi.

Arealbruk og fysiske inngrep

Både oppdrett, petroleumsindustri og fornybar energi til havs tek i bruk havareal og gjer fysiske inngrep. Kven vi fortrenger, kva støy vi påfører livet i havet, og kva spor vi etterlet oss er viktig å sjå konsekvensane av. Eit av prosjekta vi er involverte i – Kunnskapsinnhenting for sameksistens mellom fiskeri- og havvindnæring – ser på korleis flytande havvind påverkar det marine økosystemet. Når det gjeld havbotnen så må vi vite kva som er der og må vernast. Derfor har vi engasjert oss i å få på plass Marine Grunnkart på Sunnmøre, som inneberer at havbotnen blir kartlagt mellom anna for å finne ut kva som må vernast. Dei marine grunnkarta blei nyttige i prosjektet Blågrønt samarbeid, på den måten at vi kunne sjå kvar i fylket det var sannsynleg å finne førekomstar av korall. Rovdefjorden hadde område som peika seg ut, og når vi var nede med ROV og leitte, så fann vi kaldtvasskorallar akkurat der. Det å finne ut kva som er i områder som skal byggast ut, gjer at ein kan ta høgde for denne kunnskapen i dei planane som blir lagt. Kartlegging av område er viktig både i små og store utbyggingar – også etter at områda er tatt i bruk. Mellom anna utfører vi miljøundersøkingar for kommunar, du finn meir informasjon om desse prosjekta under Miljøundersøking og rådgjeving.

Forureining

Avrenning, avløp, overgjødsling, dumping, giftstoff, oljesøl m.m. er typiske former for ureining. Når eit område mottek ureining utanfrå kan vi seie at området er ein resipient av ureining. Såkalla resipientundersøkingar er noko vi utfører for å analysere forholda både i vatnet, på botnen og i fjøra, slik at nødvendige tiltak kan settast inn om det er behov. I slike undersøkingar kan vi mellom anna måle klorofyll, næringssalt, oksygen, salt og temperatur. Nokre av resipientundersøkingane vi har gjennomført er omtala under Miljøundersøking og rådgjeving.

Forsøpling

Når forureininga består av store eller små fysiske gjenstandar, kallar vi det forsøpling. Eit resultat av dette er til dømes spøkelsesfiske, der garn som er mist held fram med å fiske i årevis. Dette er viktig å rydde opp i. Det same gjeld søppel som driv i land, og gjennom prosjektet Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal jobbar vi for å organisere ein samlearena for alle som jobbar mot marin forsøpling i fylket. Runde Miljøsenter er og ansvarleg for rydding av ein region i Rydd Norge-prosjektet. Eit uhyggeleg eksempel på kva forsøpling kan medføre ser vi i fuglefjellet på Runde, der havsulene brukar garnrestar til å bygge reir, og det hender dei viklar seg inn i dette og døyr. Eit anna problem er at fuglar, fisk og dyr et plast og døyr fordi magen blir full av dette.

Omsynslaus utnytting av levande ressursar

Overfiske er eit globalt problem, men i Norge har vi ei god forvalting. For at myndigheitene våre skal ta gode avgjerder om kva kvotene skal vere trengs det oppdatert informasjon om bestandane. For eksempel må ein vite om bestandar er lokale stammer, eller om ein finn genetisk lik fisk andre stadar. Dette undersøker vi i prosjektet Forvalting av fiskebestandar i fjordane, og funna som blir gjort utgjer ein del av grunnlaget for at kvotene kan settast.

Framande artar kjem til på ulike måtar, mellom anna kan det skje med ballastvatn som blir med båtar frå ein stad og slept ut ein annan stad. Nokre av desse dyra eller plantene kan klare å overleve på nye stadar, og i enkelte tilfelle ta plassen frå artar som eksisterer der.

Oppdrett har også ei rekke utfordringar knytt til seg, slik som lakselus, rømming, organisk avfall på havbotnen m.m.

Framskaffing og formidling av kunnskap

Det er forventa at behovet for å hente mat, energi og andre ressursar frå havet vil auke i framtida. Med tanke på dei marine miljøproblema som vi ser allereie i dag må vi bli flinkare til å ta vare på havet, og for å ta vare på havet treng vi kunnskap. I Runde Forsking er vi med på å hente inn ny informasjon, både gjennom ulike forskingsprosjekt som vi deltar i, og gjennom miljøundersøkingar som vi utfører. Vi som arbeider her er spesialistar innan ulike fagfelt, frå marinbiologi og fiskeri til oseanografi. Ta kontakt om du ønsker å høyre meir om noko av dette – vi som dagleg jobbar med desse spørsmåla vil gjerne formidle det vi veit.

Jenny Ullgren med ein presentasjon av dei store linjene i situasjonen for havet – her på Skaparlunsj i Ulsteinvik i februar 2023 . Foto: Runde Miljøsenter

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Øyvind Rødset
Informasjonskonsulent
DEL TIL SOSIALE MEDIER