Oppdrag og forsking innan kystøkologi og marint miljø
Arrangement
Kamera på Runde
Ulike webkamera på Runde er tilgjengeleg på lenkene nedanfor. Fleire vil kome etter kvart, mellom anna set vi opp eit kamera i Lundeura når fuglane kjem. Sjå også vêrdata.
Ein unik lokasjon for innsamling av forskingsdata
Kva er Runde Forsking?
Runde Forsking driftar forskingsstasjonen ved Runde Miljøsenter. Offentlege og private verksemder nyttar oss til oppdrag innan undersøking og overvaking av miljøet. I tillegg kan forskarar frå resten av verda kome til Runde og samle data og materiale, teste utstyr, analysere måleseriar og skrive rapportar.
Fasilitetar og tenester
Vi utfører oppdrag innan miljøovervaking, miljøundersøking og rådgjeving for private og offentlege aktørar. Forskarar frå heile verda kan bu og arbeide ved Runde Miljøsenter. Bedrifter og privatpersonar kan også leige lokaler til arrangement og overnatting.
Samarbeidspartnarar
Vi har samarbeid med fleire institusjonar på ei rekkje av prosjekta vi deltek i, mellom anna med NIVA og Havforskingsinstituttet.